Bjørnekamera i Alaska redda turgåar

Då sjåarar logga seg på eit direktekamera frå villmarka i Alaska, var det ikkje bjørn dei såg, men ein turgåar som ropte om hjelp.

Nasjonalparken Katmai i Alaska ligg langt vekke frå folk. Det går berre an å komme dit med båt eller fly, og det er ikkje noka mobildekning, skriv BBC.

Denne nasjonalparken har mykje bjørn. Det er derfor sett opp fleire direktekamera for sjåarar som håper å få auge på ein bjørn eller to. Du finn eit av direktekamera på denne sida.

Oppdaga ein turgåar

Tysdag førre veke var det mykje vind, regn og dårleg sikt i området. Likevel hadde eit par sjåarar logga seg på bjørnekameraet. Då oppdaga dei ein turgåar som hadde gått seg vill.

Kameraet har ikkje lyd, men ifølge BBC viste mannen ein tommel ned og sjåarane såg at han ropte på hjelp. Sjåarane fekk varsla myndigheitene, som sende eit redningsteam til mannen. Eit par timar etterpå blei han funnen i god behald.