– Alle som vil skal få delta

Musikk, turn, dans og fotball er berre fire av dei mange fritidsaktivitetane som finst i Noreg. Barn og unge kan melda seg inn i lag og klubbar som dei interesserer seg for. 

Kjersti Toppe er barne- og familieminister i Noreg, det betyr at ho jobbar med alle delar av Norske barn sin oppvekst og utvikling.

Ho meiner det er viktig å delta i fritidsaktivitetar.

– Det er veldig viktig, ikkje berre for å komma i aktivitet, men for å føla at ein høyrer til ein stad, å gjera kjekke ting saman med andre og å få gode opplevingar, fortel ho.

– Eg meiner at alle som vil skal få delta, og at det er viktig at alle skal finna ein aktivitet som interesserer dei. Me må passa på at det finst eit mangfald av ulike aktivitetar.

Kan vera dyrt

Kjersti Toppe meiner alle bør få delta i fritidsaktivitetar. Foto: NTB Kommunikasjon/Statsministerens kontor

For mange familiar er det vanskeleg å få råd til å senda ungane på fritidsaktivitetar, det meiner Toppe er eit stort problem.

– Det er veldig dumt at så mange barn i Noreg ikkje kan vera med på det dei synst er kjekt. Det er veldig dyrt å kjøpa utstyr, drakter og reiser. Me jobbar heile tida med å finna løysingar som gjer at fleire kan få råd til å delta, fortel statsråden.

Regjeringa gjev blant anna pengar til BUA, ein organisasjon som leiger ut utstyr til dei som vil prøva seg på ein idrett. Dei gjev òg pengar til kommunane som skal gå til familiar som treng litt ekstra hjelp for å få råd til å senda ungane på aktivitetane dei ønskjer. 

– Det aller kjekkaste var venene

Ho var sjølv med i skulemusikken då ho var ung, minna frå den tida vil ho ha med seg resten av livet.

– Det var veldig kjekt å læra seg å spela eit instrument, men det aller kjekkaste var venene eg fekk og turane me reiste på

– Ein annan viktig del er meistringskjensla du får av å læra seg noko og å kjenna at du verkeleg får det til, det er veldig viktig å kjenna på, meiner ho.

 

Denne artikkelen er ein del av artikkelserien Unge stemmer, og er støtta av Fritt Ord.