BTS fargar Seoul lilla

I juni har hovudstaden i Sør-Korea lyst opp i lilla. Grunnen er tiårsjubileet til verdas største boyband, BTS.

BTS stod på scena første gong 13. juni 2013. I dei ti åra som har gått etterpå, har dei fått millionar av fans over heile verda. Dei har slått rekordar, som å ha den mest sette YouTube-videoen på 24 timar og vere gruppa med flest førsteplassar på musikklista Billboard 200.

For å markere suksessen til gruppa har byrået deira Hybe og styresmaktene i Seoul valt ut ulike landemerke i hovudstaden som lyser lilla. Lilla er fargen som symboliserer BTS.

– Ein av dei beste dagane i livet

I tillegg til fargefeiringa, var det ei stor markering i Seoul 17. juni. Då kunne fans få med seg blant anna utstillingar og eit fanmøte med RM, ein av medlemmane. Kvelden blei avslutta med eit stort fyrverkeri.

Rundt 400 000 fans samla seg for å sjå fyrverkeri. To av dei som var der, var Kris og Lucy frå Tsjekkia.

– Den dagen var ein av dei beste dagane i livet mitt, seier Lucy.

Lucy har reist til Sør-Korea berre fordi ho er fan av BTS.

FANS: Kris og Lucy har besøkt fleire av dei lilla stadene i juni. Foto: Synne Ulltang

– Venninna mi Kris er her for eit år, så eg tenkte eg skulle både besøke ho og delta på feiringa, seier Lucy.

Dei to har vore fans av BTS i fleire år, og har tidlegare reist til både USA og Hong Kong for å sjå gruppa. Dei har også besøkt Sør-Korea før på grunn av BTS.

– Kor mykje pengar har de brukt på BTS opp gjennom åra?

– Mykje, mykje pengar. Eg vil ikkje vite kor mykje eg har brukt, seier Kris.

– Det har blitt ein del summar opp gjennom åra, seier Lucy.

BTS-effekten

Hyundai Research Institute reknar med at BTS har hatt ein økonomisk effekt verd om lag 346 milliardar norske kroner i løpet av dei siste ti åra, skriv The Korea Herald. I fjor annonserte gruppa at dei ville ha ein pause.

FOTOPUNKT: Fleire stader er det lilla dekorasjonar med bilde av BTS. Foto: Synne Ulltang