Som vinnar av Britain’s Got Talent vann han 3,4 millionar kroner, skriv NRK. I tillegg får Viggo Venn opptre for den britiske kongefamilien på The Royal Variety Performance.
Under finalen fortalde klovnen mellom anna ein norsk vits og gav ein refleksvest til dommar Simon Cowell. Den gule refleksvesten er blitt ein del av signaturen til Viggo Venn.
Viggo Venn studerte økonomi då han bestemte seg for å bli klovn i staden. Han har klovneutdanning frå Frankrike og bur i London.