Sende millionar av menneske varsel om å evakuere

Då Nord-Korea prøvde å skyte opp ein overvakingssatellitt på onsdag, sende Seoul ut beskjed om å evakuere.

Myndigheitene i Seoul, som er hovudstaden i Sør-Korea, frykta nemleg at det kunne dreie seg om ein rakett som kunne brukast som våpen og at denne var på veg mot Seoul.

Klokka 06:29 den 31. mai prøvde Nord-Korea å skyte opp sin første overvakingssatellitt. Men i staden for å fly ut i verdsrommet, krasja den i Gulehavet.

Ti minuttar etter oppskytinga sende Seoul Metropolitan Government ut dette mobilvarselet til dei som bur i hovudstaden: «Innbyggarar, førebu dykk på å evakuere, og la barn og dei eldre evakuere først.»

Mange av dei over 9 millionar innbyggarane var på veg til jobb og skule og blei usikre på kor dei skulle evakuere til. Nokon begynte å pakke ein sekk med det mest nødvendige, mens andre prøvde å leite etter meir informasjon på internett. «Tilfluktsrom» var eit av dei mest søkte orda på internett rett etter at varselet blei sendt ut.

20 minutt seinare fekk innbyggarane eit nytt varsel på mobilen frå innanriksdepartementet: «Merk at varselet frå Seoul Metropolitan Government var sendt ut feil.»

MOBILVARSEL: Ei kvinne ser på varsla ho fekk frå myndigheitene. Foto: Ahn Young-joon /AP Photo / NTB

Kritikk for utydeleg varsel

Myndigheitene har fått kritikk både for at varselet kom for seint og for at det var utydeleg. I ettertid har ordføraren i Seoul, Oh Se-hoon, sagt unnskyld for at varselet om å evakuere gjorde folk forvirra. Men han meiner ikkje det var ein feil å sende det ut.

– Det kan ikkje vere noko kompromiss når det kjem til sikkerheit, og prinsippet vårt er å respondere på ein måte som kan bli sett på som overdriven, sa han på ein pressekonferanse ifølge nyheitsbyrået Yonhap.

Nord-Korea melde på førehand at dei ville sende opp ein overvakingssatellitt før 11. juni. Sidan oppskytinga i går ikkje var vellykka, sa Kim Yo-jong, søstera til leiaren av Nord-Korea, at dei vil prøve på nytt igjen snart.