Buddha har bursdag

I dag feirar buddhistar i Sør-Korea Buddha sin bursdag.

Dagen blir feira i fleire asiatiske land, men datoen er ulik frå år til år, og frå land til land. I år feirar Sør-Korea fødselsdagen 27. mai, mens i Japan feira dei han 8. april. Det som er felles, er at feiringa skjer om våren.

I Sør-Korea er fødselsdagen ein offentleg fridag. Men i år fell dagen på ein laurdag. Styresmaktene har nyleg bestemt at viss fridagar som første juledag eller Buddha sin bursdag er i helga, får sørkoreanarane fri måndagen etterpå i staden.

Ei fargerik feiring

Fødselsdagen blir feira ei heil veke. Då feirar ein fødselen til grunnleggaren av buddhismen, Siddharta Gautama, også kjent som Buddha. Buddhisme er ein av dei største religionane i Sør-Korea.

Mange besøker templa desse dagane, som er dekorerte med fargerike lanterner laga av papir. Desse lanternene er som oftast forma som lotusblomar. Lotusblomen er eit viktig symbol innanfor buddhismen.

I templa kan du også be, meditere, brenne røykelse eller tenne eit lys. Du kan også kjøpe ei lanterne og henge ein papirlapp frå botnen. Der kan du skrive noko du ønsker deg, og deretter henge lanterna opp saman med dei andre.

ØNSKE: Du kan skrive noko du ønsker deg på lappen under lanterna. Foto: Synne Ulltang