Solsikker reinsar jorda for gift

I kampen mot forureina jord viser solsikker at dei er ein superplante.

Kirkenes ligg i nærleiken av ei gruve. I årevis har jorda blitt forureina av gruvedrifta. Men no har kunstnar Irene Rasmussen funne ein måte å gjere jorda frisk igjen. Ho har nemleg planta 400 solsikker, skriv NRK.

Det viser seg at solsikkene greier å suge opp dei giftige metalla frå jorda.

Jorda i Kirkenes var så forureina at solsikkene døydde av å reinse jorda. Dei måtte kastast på eit avfallsanlegg etterpå slik at gifta ikkje gjekk ut igjen i naturen.

Men etter at solsikkene døydde, er jorda der dei stod frisk.

Kunstnaren håper dette prosjektet kan inspirere fleire til å plante blomar for å hjelpe miljøet.