Kva trudde folk i 1923 om 2023?

I 1923 gjorde ekspertar eit forsøk på å gjetta korleis verda kom til å sjå ut om 100 år, i 2023.

Rare tankar om fagerdom

Avisa The Macon gjetta at menn ville ha krøller og at kvinner skulle ha kort hår. Det høyrest kanskje ikkje så utruleg ut i dag, men den gong var det nesten utenkeleg. For 100 år sidan var det enda strengare reglar for korleis folk skulle kle seg og fiksa håret sitt. Same avisa trudde òg at å ha svarte tenner ville bli ein trend i 2023. Der bomma dei kanskje litt.

Radiobølger

I 1923 var det mange som ikkje hadde eigen telefon. Då var det vanleg at familien og naboane dine delte på ei telefonlinje. Det stoppa ikkje folk frå å drøyma om korleis ein kunne kommunisera i framtida.

Ei lokalavis frå Richmond i Indiana gjetta at det ville vera slutt på post i 2023 og at brev ville bli erstatta av radiotelefonar på storleik med ei klokke. I dag finst posten framleis, men me har fått smartklokker som kan brukast til å ringa vener og familie.

Slutt på sjukdom

Optimistane i 1923 trudde verda hadde komme seg over mange store plager. Blant anna var dei sikre på at forskarar ville finna kurar mot kreft, polio og tuberkulose. I dag har me vaksinar mot både polio og tuberkulose.

Sjølv om me ikkje har ein regelrett kur mot kreft, har talet på folk som blir friske frå kreft blitt mykje større.

Ingen fleire aviser

I ei lokalavis frå 4. oktober 1923 meinte redaksjonen at det snart ville bli slutt på aviser.

– I 2023, når mange typar luftskip flyr gjennom himmelen, startar me ikkje dagen med å lesa verdas nyhende, men heller ved å høyra på dei fordi aviser er lagt ned for meir enn 50 år sidan.

Papiravisa skulle altså bli erstatta av radioen, og det blei den, men så blei radioen erstatta av TV og TV blei erstatta av internett. I dag finst papiravisa framleis, det er me ganske glade for.