Om nokre år kan bilen få bein å gå på

Før trudde ein at framtidsbilen skulle få vengar. No er det snakk om bein. Bein som kan få bilen til å gå.

Bilmerket som planlegg bilar med hjul og bein er Hyundai.

Elevate, som konseptet heiter, har bein som gjer at han både kan gå og klatre som eit reptil, med beina til sidan. Bilen skal også kunne gå som eit pattedyr, med beina framover og bakover.

I tillegg har bilen hjul, slik at han kan køyre som ein vanleg bil.

Ein slag kombinasjon av ein robot og ein bil, med andre ord.

Saka er henta frå tek.no

Foto: Hyundai