Maya (13) frå NRK-serien Nødt eller Sannhet: – Ikkje endre deg for å bli populær

Framtida Junior har snakka om popularitet med Maya Ystenes som spelar hovudrolla i sesong 2 av “Nødt eller Sannhet” på NRK Super.

I denne sesongen startar Tara på ungdomsskulen. Sanne, som var hovudkarakteren i første sesong, skal gå i ein annan klasse. Ingen av dei andre frå den gamle gjengen skal heller gå i same klasse som Tara. Ho endar i same klasse som ein jentegjeng frå ein annan skule, og gjer alt for å passa inn.

– I forsøket på å bli kjend med dei populære jentene blir ho stempla som ein upopulær stalker. Det gjer at ho mellom anna prøver å bli saman med ein av dei kule gutane i 9. klasse – for å imponera dei kule jentene, fortel Maya. 

Stas med hovudrolle

Maya synest det var skikkeleg stas å få hovudrolla i den nye sesongen.

– Då eg fekk spørsmålet om eg ville ha rolla, fekk eg nokre dagar til å tenkja på det. Eg måtte tenka fornuftig – både fordelar og ulemper ved å ha ei så stor rolle, fortel Maya.

VENER: Tiril Ender Søvik, Maya Ystenes og Viljar Knutsen Braadal har roller i både sesong 1 og 2 av TV-serien. Foto: NRK

Det var mange tankar som svirra i hovudet dei dagane ho tenkte på det.

– Eg hadde sjølv nett starta på ungdomsskulen då, og det var veldig mykje nytt for meg. I tillegg var det mange handballtreningar og kanskje ei innspeling på toppen. Eg måtte finna ut om eg kunne takla alt på same tid. Men, det fann eg raskt ut at eg ville prøva på, fortel Maya. 

Ho valte å fokusera på alt det fine ho kunne oppleve i arbeidet med serien.

– Erfaringa med å ha ei så stor rolle og å få nye vener og møta mange nye folk, lærer ein også mykje av. Eg har lært å planlegga godt og å ha tålmod. 

Skule etter innspeling

Innspelinga av serien varte i omlag to månadar. 

– Nokre veker vart det fire innspelingadagar og ein skuledag, andre veker vart det tre innspeling og to skuledagar. Det blei spreidd ut, så eg fekk gode pausar. Eg jobba med skule etter innspelinga dei dagane eg var der, fortel ho.

STAS: Maya synest det var skikkeleg stas å få hovudrolla i den nye sesongen. Til venstre: Ameli Olving Sælevik. Foto: NRK

Ho håpar alle som ser serien lærer at ein ikkje skal tenkja på popularitet som noko viktig.

– Ein skal vera seg sjølv og ikkje tenkja på popularitet. Du treng ikkje endra deg for at nokon skal lika deg, seier ho. 

Karakteren Tara byter klesstil, endrar personlegdom og prøver å finne ein eldre kjærast for å passa inn i den kule gjengen. 

– Ho snakkar også stygt om andre, noko ho eigentleg ikkje plar gjera. Ho gjer mange ting ho ikkje elles hadde gjort. Alt for å bli likt! Det håpar eg alle lærer at dei ikkje bør gjera, seier Maya.