72,5 millionar til førebygging av vald og overgrep

39 organisasjonar og kommunar mottar 72,5 millionar kroner til førebygging av vald og overgrep frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet.

7,2 millionar av desse pengane går til tiltak i den samiske befolkninga, opplyser Barne- og familiedepartementet i ei pressemelding.

– Vald og overgrep er alvorleg kriminalitet og ein trussel mot helsa og oppveksten til barn. Det fremste målet for regjeringa er difor å hindra at vald i nære relasjonar skjer, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp) i pressemeldinga.

Snakk med ein vaksen

1 av 5 unge har opplevd psykisk eller fysisk vald minst ein gong heime. 1 av 20 unge opplever seksuelle overgrep frå vaksne. Mange opplever også overgrep frå andre barn eller søsken.

I kvardagen hjelper Stine Sofies Stiftelse barn og unge som har blitt utsett for vald eller overgrep.

– Vit at det er mange som står klar til å hjelpa deg som opplever vald eller overgrep, seier Kristin Stokke som er fagleg leiar i Stine Sofies Stiftelse.