Sola gir energi til vasspumper verda over

Dei siste ti åra har bruken av solcelledrivne vasspumper eksplodert. Dette er til stor hjelp for bønder - spesielt i utviklingsland.

Dei solcelledrivne vasspumpene gir bønder ei meir stabil hausting, skaper meir matvarer og aukar inntektene deira, skriv Verdens Beste Nyheter.

Når bøndene skal vatna alt som skal gro og veksa, bruker mange små dieselgeneratorar til å driva vasspumper. Då er dei ikkje avhengige av regn for å dyrka jorda sine.

Enorm stigning i solenergi

Men, ifølgje ein ny rapport frå det Internasjonale byrået for fornybar energi (IRENA), er det ei enorm stigning i vasspumper som nyttar solenergi. Pumpene blir brukte til å vatna jorde der det nasjonale straumnettet ikkje strekkjer seg til.

Viss bøndene ikkje er avhengige av regn for å vatna regelmessig, kan dei få ei meir stabil innhausting. Det aukar matvaretryggleiken og inntektene.

Landa som nyttar seg mest av vasspumper som går på solceller er i Asia, der India og Bangladesh ligg langt over andre land. Men det er ei stigning verda over frå Afrika til Sør-Amerika.