Meir konkurranse i barneidretten

Det er meir konkurranse i barneidrett no enn før, meiner forskarar.

Omtrent halvparten av norske ungdommar er med på ein fritidsaktivitet. Det viser Ungdata-rapporten for 2022, skriv Ung.Forskning.no.

Det er færre enn før. Og jo eldre du er, jo meir sannsynleg er det at du sluttar med idrett, viser rapporten.

Tøff konkurranse

I ein artikkel publisert på Forskning.se fortel forskaren Magnus Kilger om kva som er dei vanlegaste grunnane til at barn og ungdommar sluttar med idrett.

Her er dei vanlegaste grunnane:

  • Sjølve konkurransen har vorte viktigare dei siste åra.
  • For å kjenna seg velkommen i idretten må ein trivst med det, og den tøffe konkurransen passar ikkje for alle.
  • Det er større krav no enn før til å vera med på treningane. Samtidig har ikkje alle tid til å vera med på alle treningane. Då blir dei fort hengande etter resten av laget.

– Det gjer at mange sluttar med idrett, seier Kilger.