Filmar:
KuToppen – På Sporet
3. mars
Ein ny, norsk animasjonsfilm om kua Klara og venene hennar.
Wonka
15. desember
Historia om Willy Wonka frå Roald Dahl sitt univers.

Magiske Maurits og hans gløgge gnagere
17. februar
Ein film om den lure gatekatten Maurits.
Den Lille Havfruen
26. mai
Nyinnspeling av klassikaren.

Elemental
16. juni
Ein ny animasjonsfilm frå Disney.
Spøkelseshuset/The Haunted Mansion
August
Ein film basert på ein populær attraksjon i Disneyland.
Wish
November
Filmen handlar om sjølve ønskestjerna kjent frå Disney-melodien When You Wish Upon a Star.
Den første jula i Skomakergata
November
Ei ny historie frå gata i den tradisjonelle julekalenderen.

Spel:
Minecraft Legends
I vår. Switch, PlayStation, Xbox, Windows.
Snusmumrikken: Melodien i Mummidalen
2023. PC og konsollar.
Eit norsk spel frå Mummi-universet.

Pikmin 4
2023. Switch.
Legend of Zelda: Tears of the Kingdom
12. mai. Switch
Eit nytt eventyr i det ikoniske universet.

Vikings on Trampolines
2023. PC og konsollar.
Eit norsk spel med vikingar som hoppar på trampoline.
Hogwarts Legacy
10. februar. Windows, PlayStation, Xbox, Switch.
Mange er sinte på Harry Potter-skapar J. K. Rowling, fordi ho har sagt negative ting om transpersonar. Likevel er det nok mange som gler seg til dette spelet frå Harry Potter-universet.

Fire Emblem Engage
20. januar. Switch
Bøker:
Dronefangerne
av Øyvind Torseter
12. mai
Ny teikneseriebok frå ein prisløna illustratør.

Tarjei 13 år
av Anja Dahle Øverbye
1. mars
Ei bok om skilsmisse, pubertet og forelsking.
Badesommar
av Ruth Lillegraven
20. april
For dei som likar dikt om å vakse opp og om å bli gammal.

Hex
av Sigbjørn Mostue
25. januar
Diana blir forvandla til ei stygg heks etter å ha blitt mishandla på ein fest. For dei over 12 år.

Stolt
av Benjamin Silseth og Kine Yvonne Kjær (illustratør)
10. mai
Ei bok om å vere skeiv i Noreg, både før og no.
VitenGALskap 2: Syke Sykdommer
av Alexander H. Sandtorv og Helena Lindholm (illustratør)
6. april
Vitskapsmannen er tilbake, denne gongen med ei bok om ekle og utrulege sjukdommar.

Den siste krigen (Overleve-serien)
av Tor Arve Røssland
28. februar
Den siste boka i spenningstrilogien.
Udyr
av Ingvild Bjerkeland
16. januar
Ei skummel og spennande bok for dei over 10.
