Kunstig intelligens vert smartare og smartare. Det er årevis sidan «Siri» og «Alexa» vart vanlege taleassistentar på mobiltelefonar og smarthøgtalarar, men dei vert nok mest brukt til enkle operasjonar som å spele av musikk og lage påminningar.
I det siste har det derimot kome fleire avanserte verktøy på internett, og nokre er tilgjengelege for alle. Til dømes var det mange som laga animerte bilete av seg sjølve med appen Lensa AI tidlegare i vinter. Men fleire åtvara mot å bruke appen.
No har eit nytt program dukka opp, med namnet «ChatGPT». Dette er eit avansert program som mellom anna kan analysere dikt og produsere tekstar, også på norsk.
– Kan gjere elevar late og dumme
Lærarar er bekymra for at dette programmet kan gjere det lettare for elevar å jukse når dei skal skrive eigne oppgåver eller ha eksamen.
Landslaget for norskundervisning har sendt inn eit brev til politikarane på Stortinget der dei skriv at dei er bekymra for at programmet trugar skrive- og leseferdigheitene til elevane. Dei meiner dessutan det kan gå utover demokratiet og utvikling av kunnskap og nye idéar.
Eirik Vassenden, professor i nordisk litteratur ved Universitetet i Bergen, seier til NRK at programmet kan gjere elevar late og dumme.
Les også: Kjem robotane til å ta over verda?