Kjem robotane til å ta over verda?

Mange er skeptisk til kunstig intelligens. Er det slik at når teknologien kjem langt nok, så kjem robotane til å ta over heile verda? Nei, meiner forskar.

Illustrasjon: Colourbox, Kollasj: Framtida Junior

– Me treng ikkje vera redde, men me må vera på vakt, for det kan absolutt vera problematiske sider med den kunstige intelligensen. Me er nøydde til å tenkja over korleis teknologi skal brukast, då det kan brukast både til både godt og vondt, seier Pierre Lison.

Han er informatikar og forskar på kunstig intelligens.

Grunnen til at han ikkje er særleg bekymra, er fordi ein kunstig intelligens har spesialisert seg å bli ordentleg god på éin ting. Derimot kan den menneskelege intelligensen brukast til mykje forskjellig.

– Det må også seiast at ein robot har ikkje noko behov for å dominera andre, slik som oss menneske. Me vil bli betre, me vil skaffa oss makt og klatra i eit sosiale system. Slike tankar har ikkje ein robot.

  • Les også: 

Ei maskin som kan løysa kompliserte problem

Forskaren vart introdusert for fagfeltet kunstig intelligens då han var student. Han syntest at det var spennande fordi det tek for seg alt frå matte til psykologi, språk og filosofi.

– Det er eit fagfelt med mange uløyste problem, og det er kjekt å arbeida med noko der me har ein jobb å gjera, seier han.

Når teknologien blir ein trussel: Den kunstige intelligensen kan bli ein trussel, om den brukast på ein måte som ikkje gagnar menneska. – Robotar kan ha formål som me ikkje har reflektert nok over, då dei ikkje forstår kontekstar. Eit eksempel er drapsrobotar eller ansiktsgjenkjenningssystem. Foto: Norsk Regnesentral

Pierre beskriv kunstig intelligens som ei maskin som kan løysa kompliserte problem, der me menneska ser at det krevst intelligens.

– Det kan mellom anna vera å forstå eller omsetja tekstar, finna vegen frå A til B eller å spela sjakk, seier han.

Viss du tenkjer over det, spelar den kunstige intelligensen ei viktig rolle i kvardagen din. Den er mellom anna i nettbrettet ditt, på internett og på skulen.

– Slik sett er det ein viktig del av teknologien me omgir oss med.

Kva er greitt og ikkje?

Fagfeltet har allereie gått gjennom ei stor endring, men kjem nok til å sjå heil annleis ut når du er blitt vaksen. Likevel trur forskaren at den største endringa ligg i at det blir meir debatt over bruken av teknologi.

– Det vil bli tekniske forbetringar, men det kjem også til å bli debattar om kva som er greitt og ikkje. Om kva som bør automatiserast, og kva som bør overlatast til menneske.

Han nemner sjølvkøyrande bilar som eit eksempel.

–  Bilar som køyrer av seg sjølv er fullstendig mogleg, men om det blir akseptert i samfunnet er noko anna. Me ser at dei fører til færre ulykker, men samstundes er det utfordrande å akseptera ei ulukke dersom den er skapt av ei maskin i staden for eit menneske.