Madeline (6) får lov av fylket til å ha ein einhyrning i hagen

Amerikanske Madeline bad dyretilsynet i Los Angeles om tillating til å ha fantasidyret i hagen, om ho skulle finne eit eksemplar.

I eit handskrive brev skreiv Madeline: «Kjære L.A. fylke. Eg ber om tillating til å ha ein einhyrning i bakgården min, viss eg finn ein.»

Og no kan søken etter ein einhyrning byrje, for Madeline fekk positivt svar frå fylket.

Dei gav henne tillating til å ha ein einhyrning på nokre vilkår. Mellom anna må einhyrningen få jamleg tilgang på sollys, månestråler og regnboger. Han må bli fora med vassmelon, og hornet må bli polert minst éin gong i månaden.

Alt glitter som vert brukt på einhyrningen må vere nedbrytbart og fritt for gift, av omsyn til helsa til einhyrningen.

Madeline fekk også ein offisiell einhyrning-lisens.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av County of Los Angeles DACC (@lacoanimals)

Direktør Marcia Mayeda i dyretilsynet fortel til avisa The New York Times at brevet frå Madeline var til stor glede for dei tilsette. Gjennom jobben ser dei ofte grove tilfelle av dyremishandling eller folk som har blitt skadde av dyr.

– Det gjorde dagen betre for alle på kontoret. Det var så søtt, seier ho til NYT.


Les også: Sjå kva forskarane oppdaga: – Me vart heilt skjelvne

Havlærskilpadda med eit kompani av tropiske kompisar. Foto: Keno Ferter / Havforskningsinstituttet