BlimE-kampanjen handlar om venskap og omsorg. Det skal bidra til eit betre og meir inkluderande skulemiljø.
No får NRK Super Jonasprisen for innsatsen med kampanjen, og serien «Sånn er jeg, og sånn er det».
Det er Institutt for spesialpedagogikk på Universitetet i Oslo som deler ut Jonasprisen. Prisen skal gå til nokon som har jobba for å skape eit romslegare og meir tolerant samfunn.