Sleppdatoen for neste WoW-utviding er avslørt

Dragonflight kjem i november.

No har den nyaste World of Warcraft-utvidinga kalla Dragonflight fått lanseringdato, skriv Tek.no.

GIF: Giphy.com

I Europa er datoen 29. november, og etter planen skal sleppet skje presis ved midnatt.

Med utvidinga blir det eit større fokus på dragar. Drageriding blir ei greie, slik at den som ønsker det får moglegheita til å sjå verda frå nye vinklar.

Ein får også eit heilt nytt spelområde å utforska: The Dragon Isles som tyder Drageøyene.