– Filter kan skapa ein falsk versjon av oss

Bianca Gordon (10) og Carmen Åsheim Karlsen (10) er einige om at filter på sosiale medium kan vera både bra og dårleg.

– Filter kan skapa ein falsk versjon av oss. Då kan det jo bli sånn at me ikkje føler oss fine nok slik me ser ut. Nokre av filtera verkar veldig ekte!, fortel Carmen.

TULL: – Det er mange filter som er så langt frå verkelegheita at det ikkje gjer noko, seier Carmen. Foto: Janne Nerheim

– Ja, filter kan jo gjera at ein trur folk ser ut slik. Men, samtidig er det jo mange gøy filter òg, seier Bianca.

– Ja, det er mange filter som er så langt frå verkelegheita at det ikkje gjer noko. Med auge som kjem sprettande ut eller ei tunge som dinglar. Det er jo berre morosamt, seier Carmen.

Pause frå TikTok

– Eg sletta TikTok då det sto i avisa at det kunne komme opp fæle videoar, fortel Bianca.

Ein gong fekk Carmen nokre kommentarar på TikTok som ikkje var kjekke.

GØY: – Det er jo mange gøy filter og, seier Bianca. Foto: Janne Nerheim

– Då viste eg dei til mamma og pappa, og me vart einige om å blokkera den personen. Då sa dei at eg burde ta ein pause frå TikTok, og det gjorde eg, fortel ho.

 

Vil læra meir om psykisk helse

Dei kunne gjerne tenkt seg å læra meir om psykisk helse både på skulen og i sosiale medium.

– Me lærte om netthat i 4. klasse – men etter det har me ikkje lært noko særleg meir om psykisk helse. Men eg følger ei på TikTok som snakkar om det. Det er fint, fortel Carmen.