Samuel skata Noreg på tvers og samla inn 260.000 kroner

Samuel Vedå (21) samla inn 260.000 kroner til Mental Helse Ungdom med Instagram, TikTok og eit rullebrett under føtene.

– Dette er ei sak eg verkeleg brenn for, fortalde Samuel på telefon frå Hardanger.

17. august byrja han turen og 31. august var han framme. Totalt skata han over 450 kilometer, frå Bergen til Oslo, på 15 dagar.

Samtidig har han inn pengar gjennom sosiale medium. Pengane går til organisasjonen Mental Helse Ungdom, som jobbar for openheit, førebygging og eit betre helsetilbod.

Han seier at han er provosert over at det psykiske helsetilbodet i Noreg er for dårleg. Difor skatar han for å samla inn pengar. I fjor skata han frå Voss til Bergen til inntekt for Kreftforeininga og samla inn 36.550 kroner.

ÆRLEG: Samuel Vedå synest det er tøffare å vera seg sjølv enn å følga straumen.

– Må vera tøff

Samuel fortel at han har ei venninne som har slite mykje med angst. Då ho prøvde å få hjelp, måtte ho venta i over 10 månader.

– Under pandemien vart det endå vanskelegare å få psykisk helsehjelp, seier han.

Samuel meiner at det er for vanskeleg å snakka om sin eiga mentale helse. Særleg for unge gutar.

– Ein skal liksom heller vera tøff. Men eg synest det er tøft å vera ærleg, gå mot straumen og vera seg sjølv. Eg trur mange av problema til unge dreier seg om at dei er usikre på kven dei sjølv er, og har så mange forventingar frå heimen, skule og sosiale medium, seier han.

For å passa på si eiga mentale helse fortel Samuel at han prøver å eta betre, sova godt, gjera ting han likar og jobba mot eit mål.

– Heilt konge

Samuel seier at det ikkje alltid er like trygt å skata langs vegen. Men han synest turen har vore heilt konge. Han har sett mykje flott natur, og han har opplevd mykje støtte på vegen. Mellom anna er det mange som følger med på turen på Instagram og TikTok.

Han har med seg ei hengekøye til å sova i, men overnattar helst på hotell. Når han er ferdig med ein dagsetappe, er han heilt gåen.

– Eg har alltid ei blemme eller ei vond nagl eller noko anna. Då er det digg å ta ein dusj og legga meg og slappe av.