Berit Marie (14) fekk prøve seg som Donald-redaktør

Berit Marie frå Skien fekk ta over roret i sjefsstolen til sjølvaste Donald-bladet.

Den 33. utgåva av Donald Duck & co., som kom ut i august, vart noko litt utanom det vanlege. Då var det nemleg 14 år gamle Berit Marie Thorsen Stokkeland som var gjesteredaktør i bladet.

Berit Marie fekk pryde framsida i lag med Ole, Dole og Doffen. Foto: Story House Egmont

Kva inneber det å vere Donald-redaktør?

Berit Marie har laga si eiga Donald-historie, vald ut historier, intervjua og laga saker, redigert, oversatt og funne vitsar til bladet, ifølge ei pressemelding frå Egmont Publishing.

AND-tastisk

Berit Marie synest det har vore kjempegøy å jobbe i Donald.

– Det er heilt AND-tastisk! Det har vore ein draum som gjekk i oppfylling. Eg har også lært mykje og sett at det kan vere veldig gøy å ha ein jobb, seier ho i pressemeldinga.

Imponert redaktør

Det er andre gongen ein lesar fekk prøve seg som redaktør.
Marius Horn Molaug, som er redaktør i bladet til vanleg, seier at han er veldig nøgd med innsatsen til Berit Marie.

Berit Marie prøvde seg i redaktør-stolen. Foto: Story House Egmont

– Eg er mektig imponert over alt ho har fått til, energien hennar, all kunnskapen og det svært kloke hovudet (sjølv utan å bruke tenkehetta til Petter Smart). Eg har allereie byrja å tenke på pensjonisttilvêret, seier han i pressemeldinga.