Song og musikk var viktig

Musikk var viktig for vikingane, både i kvardagen og til fest, ifølge nettstaden Viking.no.

Fordi vikingane ikkje skreiv ned notar, veit vi ikkje mykje om korleis musikken høyrdest ut, men vi veit at dei spelte på blokkfløyte, pipe, lyre, bukkehorn, panfløyte og lur.

Dei kunne bruka musikk til å halde takta når dei rodde i båtane sine, til å lokka på dyr eller kommunisera over lange avstandar, og til høgtider og fest.