Varmen og tørken førte til store skogbrannar og helsefarlege temperaturar i fleire land. I Storbritannia vart det målt 40,3 grader, som er den høgaste temperaturen som nokosinne er målt i landet. Mange byar i Spania, Portugal og Frankrike sette også nye varmerekordar.
Forskarar peiker på at klimaendringane fører til varmare somrar og meir ekstremvêr.
I Spania og Portugal døydde 2600 menneske på grunn av varmen i løpet av to veker i juli. Flesteparten av desse var sjuke og eldre.
I Noreg merka vi ikkje så mykje til varmen, bortsett frå at nokre stader hadde temperaturar over 30 grader.

Foto: NTB, AP Photo/Panagiotis Balaskas