Sommaren er høgsesong for lyn og torden i Noreg. Plutseleg kan ein dag fylt av sol og varme, snu om eit kraftig uvêr.
Då kan det vera greitt å vita kva du skal vera obs på viss uvêret nærmar seg der du er.

Tips når det lynar
SINTEF som er eit av Europas største uavhengige forskingsinstitutt, ramsar opp følgjande som greitt å vita om når det lynar ute:
- Ikkje bad når det lynar. Når lynet treff vatn, blir straumen fordelt på fleire tusen ampere i vatnet. Du bør heller ikkje bada i badekar, sidan eit lynnedslag kan påverka vatnet i huset.
- Du er trygg i bilen. Bilen er ein trygg stad fordi den vil fungera som «skjold» mot lynnedslag. Eit hus har til dels den same effekten, men det er betre å vera i eit betongbygg enn eit trehus.
- Elektriske apparat kan bli øydelagt. Sjølv om lynet ikkje slår ned i huset ditt, kan eit lynnedslag i det overordna straumnett føra til at elektriske apparat blir øydelagt. Derfor kan det vera lurt å dra ut støypselet av for eksempelvis TV-en.
- Ikkje søk ly under store tre. Det er større risiko for at lynet slår ned i store ting i landskapet, som mellom anna eit tre eller ein høg bygning.
- Det er ein fordel å vera våt. Vatnet vil gjera at eit lynnedslag følgjer fukta utanpå deg i staden for å gå inn i kroppen, noko som vil redusera skadane om du blir truffen.
- Hald deg vekke frå opne sletter, golfspeling og dropp paraplyen. Ei golfkølle i metall har litt større risiko for å bli treft av lynet. Det same gjelder paraplyen.
- Når du er på fjelltur. Søk ly om mogleg, og trekk ned frå toppen.
- Når du er på båttur. Om ein kan komma seg til land, må ein gjera det. Om du er utpå havet, prøv å unngå å stikka deg ut. Ikkje heng i masta og unngå å henga over rekka. Legg deg ned i båten, eller gå ned i kabinen.
Visste du at?
- 1,4 milliardar lynnedslag treffer jordoverflata kvart einaste år. Sentral-Afrika er spesielt utsett.
- Eit tradisjonelt lyn oppstår når hagl og iskrystallar blir gnidd mot kvarandre i ei tordensky.
- Det mest langvarige lynet, vara i 16,7 sekund. Det var observert i Argentina i 2019.
- Det lengste registrerte lynet mellom to skyer, er målt til 709 kilometer.
- Stigande temperaturar gjer tordenvêr meir vanleg. Prosentvis stig talet på lynnedslag mest heilt i nord.