Forlaget skal dela ut 2500 bokpakkar til barn og unge som er på flukt frå krigen i Ukraina.
Bokpakkane blir sendt gratis ut til skule- og folkebibliotek, og til 42 flyktningmottak. I tillegg vil Norske Kvinners Sanitetsforenings korps av frivillige over heile landet dela ut bokpakkar til flyktningar som bur privat.
Sender ut 15 000 bøker
– I første omgang sender me ut 15 000 bøker, som me håpar kan spreia glede blant barn og unge på flukt, seier Tom Harald Jenssen, administrerande direktør i Cappelen Damm i ei pressemelding.
– Alle forfattarar og illustratørar har stilt opp utan honorar, men me har insistert på å betala dei ukrainske omsetjarane som har jobba dag og natt for å ferdigstilla bøkene, seier Tom Harald Jenssen i Cappelen Damm.
Dette er bøkene forlaget har valt ut:
Thorbjørn Egner: Klatremus og dei andre dyra i Hakkebakkeskogen (omsett av Natalia Ilishchuk).

Tor Åge Bringsværd: Karsten og Petra – slik byrja det (omsett av Natalia Ivanichuk)

Rune Belsvik: Dustefjerten (omsett av Iryna Sabor)

Vigdis Hjorth: Jørgen + Anne er sant (omsett av Natalia Ivanichuk)

Erlend Loe: Fisken (omsett av Natalia Ivanichuk)

Bjørn Rørvik: Reddikhaien og andre forteljingar om Reven og Grisungen (omsett av Natalia Ivanichuk)
