Newton-Ane: – Mine topp 3 barnebøker

Framtida Junior har spurt programleiar for Newton, Ane Norum Kvistad, om tips til gode bøker å lesa i sommarsola.

Illustrasjon: Colourbox, Kollasj: Framtida Junior

«Tonje Glimmerdal» av Maria Parr

Bokomslag: Samlaget

– Dette er ei fantastisk forteljing om eventyrlystne og fartsfylte Tonje, det einaste barnet som bur i Glimmerdalen. Ho er ei jente med bein i nesa, og som gjer alt ho kan for å ta vare på bestevennen sin Gunnvald på 74 år. Ei herleg og leiken bok!

LES OGSÅ: Slik brukar du Lesedigg.no

“Mio, min Mio” av Astrid Lindgren

Gudmund Thai / CC BY 3.0 / Wikimedia Commons

– Ein herleg klassikar! Denne boka kan ein forsvinna djupt inn i, og bli med på reisa til Landet i det fjerne. Ein rørande, spennande og vakker forteljing om å høyra til, og kampen mellom det gode og det vonde.

LES MEIR: Slik brukar du Lesedigg.no

“SVK” av Roald Dahl

GIF: Giphy.com

– Eg elskar verkeleg SVK, eller “Store Vennlige Kjempe” som det står for. Han er ein søt og rotete kjempe, men viktigast av alt så er han snill. Ved hjelp av venen Sofie, prøver han å kjempa mot ondskapen i Kjempeland. Roald Dahl er ein fantastisk historieforteljar, og denne boka synest eg er eit meisterverk!