Sandra (17) og Pravin (18) skal i prinsesse Ingrid Alexandra sin bursdag i dag

Blant dei 202 gjestane som skal vera med på feiringa av prinsesse Ingrid Alexandra i dag, finn vi 25 unge representantar frå alle fylka i landet.

Denne saka var først publisert hjå Framtida.no. Der kan du også sjå lista over alle som er invitert i den royale bursdagen.


– Eg blei veldig sjokkert, og tenkte «seriøst, skjer dette, drøymer eg no?»

I påskeferien fekk Sandra Lorenze Vestnes ein uventa telefon. Ho var plukka ut til å representere Nordland på 18-årsfeiringa til prinsesse Ingrid Alexandra, og fekk spørsmål om ho kunne tenkje seg å delta.

– Sjølvsagt blei eg veldig, veldig glad, fortel 17-åringen frå Bodø entusiastisk på telefon til Framtida.no.

Kongeleg feiring

21. januar fylte prinsesse Ingrid Alexandra 18 år. Det skulle bli markert med ei stor feiring, men ein viss koronapandemi sette kjeppar i hjula. No skal prinsessa endeleg få bursdagsgåva si frå regjeringa, nemleg ein festmiddag med kulturelle innslag på Deichman bibliotek i Oslo.

Prinsesse Ingrid Alexandra blir denne veka feira med både middag frå regjeringa på Deichman og gallamiddag på Slottet. Foto: Ida Bjørvik, Det kongelige hoff

Blant dei 202 gjestane, finn vi 25 unge representantar frå alle fylka i landet.

Sandra er ein av desse. Ho synest det er svært spanande å skulle få møte dei kongelege.

– Eg er jo vaksen opp med å sjå dei på TV og slikt, så eg gler meg veldig.

Vil diskutere netthets med prinsessa

Viss ho får moglegheita til å prate litt med prinsessa under bursdagsfesten, vonar ho at samtalen vil handle om hjartesaka hennar – netthets og mobbing.

I 2020 tok Sandra og ei venninne eit oppgjer med den stygge språkbruken blant unge. I etterkant opplevde ho sjølv å bli trakassert på nett.

– Kva ville du spurt prinsessa om viss du fekk moglegheit til å snakke med ho? 

– Kanskje om korleis det er å vekse opp som kjent. Ho har ikkje valt det sjølv, å bli kjent, men er fødd inn i rolla. Korleis er det å oppleve å måtte ta dei rette vala heile tida, fordi alle ser på deg? undrar Sandra.

Trudde ikkje på det

22. april skulle Pravin Selva ha russedåp på Hareid. Medan han venta på bussen som skulle plukke han opp, sjekka han mailinnboksen. Då tikka det inn ein invitasjon til Ingrid Alexandra sin bursdagsfest.

Nett som Ingrid Alexandra, fylte Pravin Selva 18 år i år, og han hadde planlagt ei like stor feiring som prinsessa med rundt 200 gjestar. Men, det blei ikkje noko av på grunn av koronareglane. Foto: Synnøve Overå Hide

Selva trudde først ikkje på det han såg.

– Eg tenkte at kven som helst kan lage ein sånn mail. Eg ringde nummeret som stod der og fekk beskjed om at det var ekte, men trudde framleis ikkje på det, minnest han.

18-åringen frå Hareid var den som var valt ut som representant for Møre og Romsdal.

– Eg var heilt i ekstase!

– Det var veldig hyggeleg og spesielt for meg. Eg var heilt i ekstase!

No ber det altså til Oslo for kongeleg feiring. Dersom Pravin får huka tak i prinsesse Ingrid Alexandra, vonar han at dei vil ha ein hyggeleg prat.

– Eg har mange spørsmål om korleis det er å vere kongeleg, og korleis ein kvardag for ho er. Eg har fått med meg at ho er veldig glad i allmenne ting, som oss, så då er eg nysgjerrig på korleis ho kombinerer det med å vere kongeleg.

Kongeleg kleskode

Sandra fortel at den kongelege invitasjonen kom med ein kleskode, så ho har antrekket for bursdagsfesten klart.

– Det blir bunad! Eg har blå nordlandsbunad.

Sandra Lorenze Vestnes skal ha på seg bunaden sin når ho skal feire prinsesse Ingrid Alexandra. Foto: privat

Pravin har også planlagt antrekket for den store festen.

– Eg tenkte at dette var ei perfekt anledning til å skaffe seg smoking, så eg drog til Ålesund og kjøpte det. Eg ser på det som ei investering.