Mindre uteleik og meir skjerm under pandemien

Seks av ti barn brukte meir tid på skjerm enn dei har gjort tidlegare, då pandemien stod på som verst.

Det skriv NTB i ei sak.

Morten Dåsnes i Friluftsrådenes Landsforbund, er bekymra for kva det vil seia for helsa til barna.

– Me veit at store deler av befolkninga i Noreg allereie var mindre fysisk aktive enn styresmaktene sine anbefalingar. Om aktivitetsnivået går enda meir ned, bilr redusert livskvalitet og helsekostnadane til samfunnet enno større, åtvarar han.

No blir det viktig å følgja opp funna i rapporten, som Friluftrådenes Landsforbund har bestilt.

– Det er viktig å følgja opp for å finna ut om det er ein varig trend, seier han.