Gabriel (12) vart mobba for å ha 6 følgjarar på Instagram – no har han nesten 260.000

No den engelske guten samla inn nesten 3 millionar kroner til Ukraina.

Heilt sidan han var liten og fekk låne bestefaren sin hammar, har engelske Gabriel Clark (12) elska trearbeid. I timesvis kan han stå ved dreiebenken sin for å lage bollar og skjerefjøler.

Men det var ikkje alle som tykte hobbyen var like kul, og Gabriel vart gjort narr av for å ha berre seks følgjarar på Instagram-kontoen der han delte bilete av arbeidet sitt.

Det gjekk hardt inn på far hans, Richard, å sjå kor lei seg sonen var. Han la difor ut ei melding på Twitter, der han spurde om nokon ville følgje den unge snikkaren på Instagram og muntre han opp litt.

I løpet av 48 timar hadde følgjartalet stige frå seks til 227.000. No følgjer heile 260.000 oppdateringane frå dreiebenken.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av Gabriel River Clark (@clarkie_woodwork)

32 år med arbeid

Gabriel fekk ikkje berre ein drøss nye følgjarar, han fekk òg fleire titals tusen bestillingar. 12-åringen rekna seg fram til at dersom han skulle lage alle, så kom det til å ta 32 år å verte ferdig. 

– Eg set pris på alle bestillingane eg har fått for bollar og skjerefjøler, men eg kan ikkje innfri dei akkurat no, for eg lagar dei for hand. Og så har eg skule og lekser, sa han på Instagram.

Den unge snikkaren bestemte seg difor for å gjere noko heilt anna. Han ville lage éin bolle, som han ville bruke til å samle inn pengar til barn i krigsråka Ukraina.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av Gabriel River Clark (@clarkie_woodwork)

3 millionar kroner til ukrainske born

Alle som donerte pengar til innsamlinga var med i konkurransen om å verte trekt ut som vinnar av Ukraina-bollen.

Gabriel håpa å samle 5000 pund, som er nesten 60.000 kroner. Men det er berre småpengar samanlikna med kor mykje han enda opp med å samle inn.

12-åringen fekk inn nesten 3 millionar kroner! Alle pengane skal gå til Ukraina-prosjektet til Redd Barna i England.

No skal den unge snikkaren lage ei heimeside, der han kan selje bollane og skjerefjølene han lagar i framtida.

Han håpar nemleg å tene nok pengar til å kjøpe seg ein ny sykkel.