Her er to nye spel du burde teste

Har du lyst til å vite kva for spel som kjem ut snart som du burde spele? Frykt ikkje, for her kjem ei lita liste med to spel du burde teste når dei kjem ut.

Pokémon Scarlet og Violet

Foto: Game Freak, Pokémon Scarlet og Violet

I dette nye Pokémon-spelet kan du utforske så mykje du berre vil! Pokémon Scarlet og Violet er det første pokémon-spelet der ein ikkje treng å følgje ei spesiell historie, og du kan gjere kva du vil. Og det beste er at det er mykje å gjere.

Pokémon Scarlet og Violet kjem ut 18. november 2022. Du kan berre spele det på Nintendo Switch.

Hogwarts Legacy

Foto: Warner Bros. Interactive Entertainment, Hogwarts Legacy

Har du nokon gong hatt lyst til å føle på korleis det er å vere ein trollmann? Vel, no kan du vere ein trollmann på Hogwarts (Galtvort) frå Harry Potter-universet.

Hogwarts Legacy kjem ut 10. februar 2023. Du kan spele Hogwarts Legacy på Playstation 4, Playstation 5, Xbox one, Xbox series X, Nintendo Switch og pc.