Ekte politi på spelplattformer

Kripos har utvikla ein metode for korleis politiet skal vera til stades på spelplattformer.

Illustrasjon: Colourbox, Kollasj: Framtida Junior

No blir metoden rulla ut i politidistrikta.

Sjef for Kripos, Kristin Kvigne (bilde), fortel til Politiet.no at politiet må vera der barn og unge er på internett.

– Barn og ungdom brukar mykje tid på gaming. Ifølgje Medietilsynet er 9 av 10 ungdommar på ulike spelplattformer. Det betyr at politiet må vera til stades. Eg er stolt over metoden som er utvikla på Kripos for å nå barn på internett, og no er det viktig for oss å overføra metoden til politidistrikta, seier Kvigne.