Newton-Ane: – Lag deg eit gummiegg!

Ane Norum Kvistad (23) frå NRK-programmet Newton, lærer deg eit kult vitskapleg eksperiment som du kan gjera sjølv heima på kjøkenet!

Kva skjer?

– Eddik er ei sur væske, som består av eddiksyre og vatn. Den sure eddiken løyser opp eggeskalet, men etterlèt den tynne eggehinna på egget. Eggeskalet er i hovudsak sett saman av kalk. Når kalken kjem i kontakt med den sure eddiken, løyser skalet seg opp og det blir danna karbondioksid (CO2). Karbondioksid ser du som dei små boblane på skalet når egget ligg i eddiken, seier Ane.

Du treng:

  • Eit egg
  • Eit glas
  • Eddik (7 %)
  • Tolmod!

VIKTIG! Det er viktig at det står 7 % på eddiken du brukar. Eddikessens (35 %) er etsande og kan skada hud og auge. Spør ein vaksen om hjelp om du er i tvil!

Slik gjer du:

Legg egget forsiktig ned i glaset.

Foto: Vegard Blakstad/NRK

Hell eddik i glaset til det dekker egget.

Foto: Vegard Blakstad/NRK

Viss egget flyt opp, legg noko oppå det slik at egget blir liggande under overflata.

Foto: Vegard Blakstad/NRK

La egget liggja i eddik over natta.

Foto: Vegard Blakstad/NRK

Når du ser at eggeskalet er byrja å bli borte, tømmer du ut eddiken og skyl egget forsiktig i vatn.

No er egget nakent, og du kan testa om det sprett. Slepp egget ned i vasken frå cirka 10 cm høgde. Det kan gå gale viss egget sprett for hardt, så det er lurt å gjera dette i vasken.

Foto: Vegard Blakstad/NRK

EKSTRATIPS: Prøv og la egget liggja i eddik i 2–3 dagar, for å få skalet til å forsvinna heilt!