Pussar du tenner før eller etter frukost?

– Eg vil seia at det er betre å pussa tennene før frukost enn etter frukost. Ein kan heller skylja munnen etterpå og bruka tanntråd eller tannpirkarar, seier tannlege Kari Sunniva Elde til Ung.Forskning.no.

Tema: kroppen
Illustrasjon: Pixabay, Kollasj: Framtida Junior

Det ytste laget på tennene våre heiter emalje, og er veldig hardt. Men det er òg veldig tynt – berre 1,2 millimeter. Når ein et eller drikk noko surt, blir emaljen litt mjukare. Den blir hard igjen etter ei stund. Men viss ein pussar medan emaljen er mjuk, pussar ein vekk bitte litt av han.

Gjer ein det gjennom veldig mange år, kan det til slutt bli lite igjen. Og ei tann utan emalje er ikkje like sterk, skriv Ung.Forskning.no.

– Og så er det ikkje så lurt å pussa tennene rett etter å ha drukke juice eller brus, fortel Elde.

Men gløymer du å pussa før frukost, er det lurt å ta ein puss etterpå. Pussen slit kanskje litt meir på emaljen, men det er endå viktigare å få vekk matrestar som kan bli eit festmåltid for bakteriar.

GIF: Giphy.com