Amelia (7) song for fred i bomberom – no har ho framført for tusenvis

Medan krigen herja rundt ho, og Amelia sat i eit bomberom i Ukraina, sang ho «Let it go». No har ho stått på scena i Polen.

Amelia Anisovych (7) vart eit sårt etterlengta lysglimt for menneska som hadde gøymt seg frå krigens herjingar i eit bomberom i Ukraina. Ho bestemte seg nemleg for å syngja den ukrainske versjonen av «Let it go».

Medan Amelia song, vart ho filma av hjelpearbeidaren Marta Smekhova, som seinare delte videoen på Facebook. No er den sett av millionar, skriv Dagbladet.

– Alle stoppa opp for å høyra på ho. Ho lyste opp rommet. Sjølv ikkje mennene klarte å halda tårene tilbake, har Smekhova uttalt.

Les også: Kva betyr dei vanskelege orda i Ukraina-krigen?

– Me ser deg

Etter dette, har songen til jenta blitt delt flittig i dei ulike plattformene i sosiale medium. Ein av dei som har delt videoen, er Idina Menzel. Ho har den engelske stemma til Frost-karakteren Elsa.

– Me ser deg. Me ser deg verkeleg, skriv stjerna under videoen, som har nådd ut til hennar 5 millionar følgjarar på Twitter.

We see you. We really, really see you. 💙💛 https://t.co/Vhln1MjXpX

– Eg er så stolt av ho

Etter at videoen frå bomberommet vart publisert, flykta Amelia saman med broren og bestemora til Polen. Der venta mammaen på dei. No har Amelia fått ønsket sitt om å opptre på ei stor scene oppfylt, då ho fekk lov å opptre på ein fredskonsert.

Ikledd den ukrainske nasjonaldrakta, fekk Amelia det æresfylte oppdraget om å syngja nasjonalsongen til heimlandet sitt. Konserten hadde som mål å samla inn pengar til  ukrainarar som lid grunna den russiske invasjonen.

Mamma Lilia Anisovych var svært stolt av dottera si etter framføringa.

– Det var mange som frykta at ho skulle vera nervøs, men ho var kjempeflink. Eg er så stolt av ho, sa ho etter konserten, skriv Independent.

Her kan du sjå videoen der Amelia framfører nasjonalsongen: