Naturvernforbundet og Noregs Fotballforbund er ueinige om kunstgrasbanar

Kunstgras med gummigranulat bør bli forbode, meiner Naturvernforbundet. Det er ikkje Norges Fotballforbund samd i.

Viss du har spelt fotball, har du kanskje lagt merke til at kunstgras ikkje berre er grasstrå av plast. Oppå dei kunstige stråa ligg det òg mange mjuke plastbitar. Desse kallast gummigranulat, skriv Ung.Forskning.no.

Desse lause plastbitane er eit problem for miljøet, fordi dei hamnar i naturen og blir broten ned til endå mindre delar. Dei blir til mikroplast.

GIF: Giphy.com

Bør forby kunstgras

– Noreg burde forby denne typen kunstgras, seier Joakim Sandvik Gulliksen i Naturvernforbundet på eit seminar arrangert av Noregs idrettshøgskule.

6000 tonn med mikroplast frå gummigranulat hamnar i naturen kvart år, ifølgje Miljødirektoratet.

– Viss kunstgras blir forbode, vil mange jobba med å finna andre løysingar som ikkje skader miljøet, seier Gulliksen.

Vil ikkje ha forbod

Ole Myhrvold i Noregs Fotballforbund synest ikkje det er lurt med eit forbod mot denne typen fotballbanar.

– Utan kunstgras vil ikkje 370.000 barn, unge og vaksne få spelt fotball, påpeikar han.

Noregs Fotballforbund prøver å finna gode alternativ. No testar dei ut små bitar av tre. Førebels finst det berre på éin fotballbane i Kristiansand, men trebitane skal testast ut fleire stader i landet.

Forbundet har òg lært opp klubbar til å hindra at dei små bitane av gummi forsvinn frå banen. Mellom anna skal spelarane børsta gummikulene av skoa før dei forlèt bana.