Del meiningane dine, og ver med på å bestemma!

Slik skriv du lesarbrev!

Aktuelle tema å skriva om:

Miljø
Mobbing
Fritidstilbod
Mobilfri skule
Lekser
Skulemat
Framtida di
…og mykje, mykje meir!

LES FAKTALUKK FAKTA

Kva er du spesielt opptatt av?

Er det noko du synest er urettferdig, spesielt bra eller noko andre kan læra av?

Du er ekspert på å vera ung, og du kan bli høyrt viss du får fram meininga di. Her på framtidajunior.no kan du skriva om det som er viktig for deg.

Slik skriv du lesarbrev til oss:

  • Skriv ei innleiing som forklarar kva lesarbrevet handar om: kvifor er dette ei sak som fleire bør bry seg om?
  • Skriv litt om kven du er, og minst to-tre grunnar til kvifor dette er ei viktig sak for deg og kvifor andre bør bry seg med dette
  • Skriv ein konklusjon: kva bør gjerast?
  • Lag ei fengande overskrift!

Send det på epost til junior@framtida.no eller få ein vaksen til å hjelpa deg med det!

Her kan du lesa fleire lesarbrev for barn over heile Noreg!

Hjelp til tema:
– Kva synest du er urettferdig i samfunnet – og kva kan me gjera med det?
– Kva er bra med fritidsaktiviteten din og kvifor fleire bør byrja med dette?
– Kva kan Noreg og barn i Noreg gjera for barn på flukt?
– Kva bør ein gjera for å ta vare på miljøet?
– Kvifor bør det bli gratis skulemat på alle skular i Noreg?

Her er nokre eksempel på gode lesarbrev:

Klimakrise: kvifor skal me øydelegge det einaste me har?

Vaksne må skjerpe seg!

Hald hundane i band!

Briller bør bli gratis for barn!