Klimakrise: Kvifor skal me øydelegge det einaste me har?

Framtida junior hadde skrivekonkurranse og Sondre Norberg er ein av tre vinnarar. Les lesarbrevet han skreiv om klima her!

Verda endrar seg dramatisk. Det vert varmare enn før. Det mange fryktar held på å skje, nemleg global oppvarming. Nokre få eksempel rundt i verda: Polane smeltar som fører til at havnivået stig, Varmen tuklar med straumane i havet som fører til meir ekstrem-vêr og isbreane smeltar vekk. Er det ikkje på tide å stoppe denne utviklinga?

Nokre hevdar at det bare er enda ein av jordas heitebølger, og at me taklar det utan problem. Dei meiner at det er bare til å pøse på med CO2 fordi me kjem til å klare oss fint med varmare klima.

Men sjølv om det berre aukar med 1-2 grader blir det katastrofale konsekvensar. Det blir så varmt på ekvator at det blir meir tørke. Dette gjer igjen at folka som bur ved ekvator må flytte frå heimen sin til kaldare strøk.

I mitt lokalmiljø tenar me over 3 millionar kroner på turistane som kjem og vil sjå på breen. Viss breen smeltar kjem nesten ingen turistar som vil resultere i nedlegging av hotell, camping og turistsenter. Utan breen kan me heller ikkje produsere vasskraft, og då minskar kommunen sine inntekter.

Alt i alt meiner eg at me må slutte å produsere så mykje CO2 på heilt unødvendige ting. Me har bare ein klode som me bur på. Kvifor skal me øydelegge det einaste me har?

 

FOTO: Mette F. Reinertsen

Namn: Sondre Norberg

Alder: 13 år

Skule: Jostedal skule

Hobbyar: Fotball og handball

Kvifor valte du å skrive denne teksten: Eg fekk i oppgåve på skulen å skrive om klima. Det vart som ein del av eit større prosjektarbeid om kva som skjer med klimaet. Vi har også laga film om dette. Det er eit tema eg tenkjer ein del på. Vi må stoppe desse utslippa så fort som mogeleg.