Lesarinnlegg: Hald hundane i band!

Framtida junior har fått eit lesarinnlegg frå Erling Nergaard Sandnes. Vil du skrive lesarinnlegg. Sjekk faktaboksa.

Skriv lesarinnlegg

Er det noko du har sterke meiningar om?

Skriv til oss på tips@framtida.no

Send også kontaktinformasjon til ein foresatt. Vi trykker ingenting som ikkje er godkjent av ein vaksen.

LES FAKTALUKK FAKTA

Hei, eg er ein gut på 10 år som liker å spele fotball.

Eg og storesøstera mi går ofte på ein bane rett i nærleiken.

Nokre gonger kjem det hundar utan band bort til oss. Det er ikkje så gøy. Eg veit at hundar ikkje er ute for å ete deg, men likevel syns eg det er skummelt.

Eg pleier å gå heim når det kjem lause hundar. Då føler eg meg utrygg. Mange har hundane i band, men ikkje alle. Så eg vil berre sei at viss du har hund: Ta hunden i band ved friområde!

Helsing Erling Nergaard, Sandnes.

 

Reglar for hundar og bandtvang

Hundar kan vere lause berre når dei blir følgt og kontrollert på aktsam måte.

Den som held hunden skal vere særleg forsiktig der det er barn.

Kommunane kan bestemma om det skal vera bandtvang i parkar, ved idrettsanlegg, skular og andre stader der barn ferdast.

I perioden 1. april – 20. august er det generelt bandtvang for alle hundar. I dette tidsrommet skal hunden haldast i band, eller vere forsvarleg inngjerda.