Kviser er ikkje din feil

Kviser er ikkje eit teikn på at du er usunn eller ureinsleg.

Tema: kroppen
Illustrasjon: Pixabay, Kollasj: Framtida Junior

Kviser – òg kalla akne – kjem gjerne med puberteten i 10–12-årsalderen.

Ofte kjem dei tidlegare hos jenter enn hos gutar. Jenter har mest kviser rundt 16 år, medan gutar er mest plaga når dei er rundt 18 år.

Kviser er ikkje eit teikn på at du er usunn eller ureinsleg.

Nokon trur at kviser kjem fordi ein ikkje vaskar seg skikkeleg, men det stemmer ikkje. Kvisene kjem fordi huda di svarer på dei nye hormona som reiser rundt i kroppen.

(Kjelde: Jenteboka)