Isbading er blitt kjempepopulært dei siste åra, og nyleg kom det fram at ein av fem unge vil isbada i vinter. Men når du kastar deg ut i iskaldt vatn, skjer det mykje rart med kroppen din.
Les også: Desse jentene har ein iskald hobby: – Veldig deilig når du kjem uti
Her er ei rekkje ting som er greit å vita om:
- Pusten og pulsen går kjappare. Grunnen er at kroppen jobbar hardare for å halda kroppstemperaturen oppe og dei vitale funksjonane i gang.
- Kulda gjer at blodårene dine trekkjer seg saman. Dette skjer fordi kroppen vil sikra at dei vitale organa får nok blod.
- Kroppsteperaturen din fell når du badar i iskaldt vatn. Kor den fell, avhenger av kor kaldt det er i vatnet.
- Humøret ditt stig. Det kalde vatnet kan gi ei kjensle av velvære, og fleire som driv med isbading omtalar kjensla dei får som å vera «høg». Dette kan samanliknast med eit anna fenomen som løparar kan kjenna på, nemleg «runners high».
- Kulden set immunforsvaret i alarm for ei kort stund, noko som kan føra til at immunforsvaret bli betre. Med andre ord kan risikoen for å bli sjuk betrast ved å driva med isbading.
- Kulda set i gong forbrenninga i kroppen din.
Kjelde: alt.dk