Artige fakta om kroppen

Kroppen vår er ein merkeleg organisme. Her er ei rekkje artige fakta om den som du kanskje ikkje visste frå før.

Tema: kroppen
Illustrasjon: Pixabay, Kollasj: Framtida Junior

Ulik farge på augo

Visste du at det går an å ha ulike farge på venstre og høgre auge? Dette heiter «heterokromi», og det viser seg ved at det eine auget anten har heilt eller delvis ein annan farge enn det andre. Dette er veldig uvanleg, og under 1 prosent av befolkninga har slike auge.

Nys i megafart

Lufta som blir pressa ut av lungene våre når me hostar, kan koma opp i ei fart på 96 km/t. Derimot er eit nys mykje raskare enn eit host. Det kan koma heilt opp til 160 km/t! Har du forresten lagt merke til at augene vert lukka automatisk når du du nys? Grunnen til at augene vert lukka automatisk, er fordi kroppen forsvarar seg mot dei bakteriane nyset sender ut.

Vifta med øyro

Er du ein av dei som kan vifta med øyrene? Det er litt usikkert akkurat kor mange av oss som kan gjera nettopp det. Men Livescience skriv at anektotiske bevis tydar på at mellom 10 og 20 prosent av verdas befolkning får det til.

Raudt hår

Så få som under 2 prosent av verdas befolkning har naturleg raudt hår. Flesteparten av dei med flammande lokkar er å finna i Skottland og i Irland, skriv Klikk. Visste du forresten at personar med raudt hår ikkje reagerer på same måte på bedøvelse som dei med andre fargar på håret? Studiar viser at dei med naturleg raudt hår treng så mykje som 19 prosent meir narkose enn resten av befolkninga!

Eggcella er størst

Den største cella i menneskekroppen er eggcella og den minste cella er sædcella. Ei eggcelle veg faktisk så mykje som 175.000 gonger meir enn ei sædcelle. Men så skal det også leggjast til at det finst mange fleire sædceller enn eggceller.

Det lengste organet

Kroppen sitt største indre organ er tynntarmen. Den ligg samanrulla inne i magen vår, men viss me strekkjer den ut, er den over seks meter lang! Det er rart å tenkja på at det er plass til det inne i magen vår.

Det er umogleg å kitla seg sjølv

Visste du at det er umogleg å kitla seg sjølv? Nettavisen skriv at grunnen til det er at hjernen er bevisst på når og kvar du skal kitla deg sjølv, viss du prøver på det. Derfor vil den ignorera kjensla du vil kjenna dersom nokon andre kitlar deg. Artig, sant?

Halebeinet

Halebeinet til menneske kan seiast å vera restane etter ein hale menneska hadde for lenge, lenge, lenge sidan. Det kan verka overføldig for oss moderne menneske, men det har faktisk som funksjon å beskytta organa i bekkenet. Visste du forresten menneskebabyar ein sjeldan gong blir fødd med hale? Då blir den operert vekk etter fødsel.

Negler

Neglene våre veks heile livet, skriv SNL. Fingerneglene våre veks fire gonger fortare enn tåneglene våre, dei veks fortare hjå yngre enn eldre og veks fortare på sommaren enn på vinteren. Dette vil seia at ei fingernegl kan bli heilt erstatta i løpet av tre til fire månader. Ei tånegl derimot, kan bruka opp mot eit år på å bli erstatta.

Menneske er spyttmaskiner

Gjennom eit heilt liv, vill du produsera nok spytt til å fylla opp to symjebasseng. Tenk det! Du visste det kanskje ikkje, men spytt er viktigare enn du kanskje trudde. UiB skriv at spyttet hjelper oss å smaka maten, og at dei som har sjukdommar som gir dei tørr munn, ofte endar opp med å mista mykje av smakssansen.

Nokre menneske sveittar ikkje

Ein varm dag på stranda, tung trening eller nervøsitet kan gjera oss alle sveitte. Eller kan det? Ein sjeldan tilstand som blir kalla «anidrose» gjer at nokre folk ikkje sveittar uansett kor hardt dei trenar. Denne tilstanden kan gå ut over heile kroppen, eller på enkelte område av huden.

Verdas raskaste rørsle

Når du knipsar, utfører du verdas raskaste rørsle. Det skriv Illustrert Vitenskap i ei sak. Forskarar frå Institute of Technology i USA har nemleg målt at eit knips er over 20 gonger raskare enn eit blunk med auga. Det er litt artig å tenka på!


Vil du lesa meir om kroppen? Her finner du fleire saker.