Kan du fjellvettreglane?

Kan du fjellvettreglane? Dei er det kjempelurt å kjenna til dersom du ferdast i fjellet, slik som mange nordmenn gjer no i vinterferien.

Er du på fjellet denne vinterferien? Kanskje du står på ski, eller har reist på hytta til familien din?

Sjølv om ein skal på lang skitur eller ikkje – så er det lurt å kunna fjellvettreglane. Dei hjelper deg til å planlegga og gjennomføra ein tur i fjellet, som samstundes også er trygg.

Fjellvettreglane

Dette er dei ni fjellvettreglane, som er lurt å gjera seg kjent med: 

1. Planlegg turen og meld frå kvar du går.

2. Tilpass turen etter evne og forhold.

3. Ta omsyn til vêr- og skredvarsel.

4. Ver førebudd på uvêr og kulde, sjølv på korte turar.

5. Ta med naudsynt utstyr for å kunna hjelpa deg sjølv og andre.

6. Ta trygge vegval. Gjer deg kjent med skredfarleg terreng og usikker is.

7. Bruk kart og kompass. Vit alltid kvar du er.

8. Vend i tide, det er inga skam å snu.

9. Spar på kreftene og søk ly om det er naudsynt.

Kjelde: ut.no