Har du lurt på korleis det er å vera vaksen?

For mange barn er vaksenlivet eit mysterium. Kan vaksne gjera kva dei vil? Eta så mykje sjokolade dei vil? Eller vera vakne heile natta? Forfattar Anna Fiske har laga ei bok som svarar på mange spennande spørsmål. 

Tema: kroppen
Illustrasjon: Pixabay, Kollasj: Framtida Junior

– Korleis det er å vera vaksen, er jo i grunn noko mange vaksne lurar på også, seier Anna.

Sjølv synest ho det er fint å vera vaksen.

– Då eg var lita jente hugsar eg at eg var redd eg måtte slutta å leike. Men, etter kvart fann eg ut at vaksne leikar på ein annan måte. Eg kan framleis gjera ting på ein gøy måte og bruka fantasien min. Det er jo det leik er – å drøyme seg inn i fantasien, seier Anna.

Leik blir til løysingar

– Leik er også viktig når ein skal læra seg noko. Ein kan leika seg fram til løysingar, testa ut nye ting, og vera nysgjerrig. Men, når ein er vaksen kan ein ikkje leika heile dagen. Det gjer jo ikkje barn heller. Men – vaksne kan blir meir leikne av å vera saman med barn. Barn er til stades her og no, og det har vaksne veldig godt av å vera med på, seier Anna.

FARLEG SJAMPO: – Då eg jobba med boka sa den eine dotter mi at ho synest det er deilig å vera vaksen fordi ho no veit kva som er farleg og ikkje. Då ho var lita trudde ho at sjampo var farleg fordi ho ikkje burde få den i auga, smiler Anna. Illustrasjon: Anna Fiske

Sjølv tenkte ho at både ho og alt anna kom til å bli perfekt i vaksenlivet.

– Eg hugsar at eg tenkte at alt kom til å ordna seg berre eg blei vaksen. For eksempel at eg ikkje kom til å vera sjenert meir. No er eg vaksen, men eg er framleis sjenert, Men, det er heilt ok. Det er jo fint at vi ikkje er perfekte, og at alle er forskjellige, fortel ho.

Blei overraska

– Det som har overraska meg mest med vaksenlivet er nok at eg klarte å få til det eg ville gjera. Eg ville teikna og skriva, og det fekk det til! Eg strevde i mange år og gav meg ikkje. Foreldra mine er lærarar, så eg tenkte eg måtte jobba med noko slikt for å ha ein jobb. Men, etter vidaregåande gjekk det opp for meg at eg kunne laga meg ein jobb av teikning og skriving, fortel ho.

Illustrasjon: Anna Fiske

Men, kva om ein synest vaksenlivet verkar vanskeleg?

– Eg forstår at mange barn og unge synest det kan verka vanskeleg. Det ein ikkje veit noko om kan sjå skummelt ut. Men, du må hugsa at du framleis er deg sjølv, seier Anna.

Og kva med dei som ikkje kan venta med å bli vaksne – kva vil du seia til dei?

– Barn kan gjerne gle seg til dei blir vaksne. Det å køyra bil, bruka motorgrasklippar, spisa kor mykje is du vil og kle deg som du vil er veldig fint. Men, hugs at det er fint at du er den alderen du er no, seier Anna.

Illustrasjon: Anna Fiske