Denne byen dukka opp i botnen av ein innsjø

Ekstremt lite nedbør over ein lang periode, har ført til at byen Aceredo har dukka opp i botnen av ein demning i Spania. Byen har vore under vatn i 30 år.

Byen som heiter Aceredo, forsvann under vatn i Limia-elva då ei demning vart bygd på 90-talet. Men no har byen gjenoppstått – etter heile 30 år under vatn.

Årsaka til at den plutseleg har gjenoppstått, er ei ekstrem tørke som i dei siste månadane har breidd om seg i både Spania og nabolandet Portugal, skriv TV 2.

I tillegg til den ekstreme tørken, skuldar dei lokale styresmaktene på det portugisiske kraftseklskapet EDP, som eig demningen. Dei meiner nemleg at kraftselskapet har tappa alt for mykje vatn for å kunna levera straum.

Ein mann fotograferer den gamle landsbyen Aceredo. Med eit nedbørsnivået på ein tredel av gjennomsnittet dei siste åra, opplever no store delar av Spania ekstrem eller langvarig tørke. Foto: AP Photo/Emilio Morenatti

Folk er nostalgisk og glad

Den gamle, men samstundes nye byen, har gjort at innbyggjarane som bur i nærleiken av  Aceredo, er blitt nostalgiske og glad. Mange av dei har nemleg fått sjekka ut korleis heimane til gamle vener eller familiemedlem såg ut.

Ordførar i Concello de Lobios, Maria del Carmen Yanez, har fortalt til Reuters at det særleg er ein del av folket som synest byen er spennande.

– Den yngre garde er meir nysgjerrige, seier ho.

Les også: Indonesia må endra hovudstad