Når kroppen blir stupforelska

Me har snakka med Anne Jarstein Skjulsvik som er overlege og ekspert på hormon om forelsking. Kva er det? Kva skjer i hjernen og – kva om den me er forelska i ikkje er forelska tilbake?

Tema: kroppen
Illustrasjon: Pixabay, Kollasj: Framtida Junior

– Forelsking er ein tilstand der ein er heilt oppslukt av ein annan person som ein får veldig sterke romantiske kjensler for. Ofte tenker me at forelsking sit i hjarta eller i kroppen, men det er eigentleg ein prosess som føregår i hjernen vår, fortel Anne.

Kva skjer i hjernen når me forelskar oss?

– I hjernen vil det viktigaste signalstoffet som blir skild ut vera dopamin. Dette er eit signalstoff som er knytt til belønningssenteret i hjernen og gjer oss glade.

Dopamin gjer at me berre må ha meir og meir av noko – eller nokon dersom ein er forelska.

Dopamin gjer at vi blir glad når me ser personen me er forelska i. ndre stoff som blir skild ut er det me kallar adrenalin og noradrenalin. Noradrenalin er eit signalstoffet som gjer oss meir vakne. Me får mindre behov for søvn og kanskje nedsett matlyst. Adrenalin gjer at ein blir spent og gira og både gruar og gler seg til å møta den ein er forelska i.

Litt forenkla sagt kan ein seia at alle desse stoffa på ein gang utgjer ein forelskelse og verknaden av desse forklarer mykje av det me opplever når me er forelska; me vil ha meir av personen, me tenker konstant på personen, me blir glade, spente og gira på same tid.

Korleis reagerer me når kroppen blir forelska?

– Forelskelse opplevast veldig forskjellig frå person til person, men mange beskriv ein altoppslukande tilstand, der ein kanskje søv mindre, er nervøs, glad, spent og gira på same tid.  Når ein blir forelska er det fleire stader i hjernen som blir aktivert, faktisk mange av dei same stadene som er knytte til belønning og det å innta rusmiddel.

Det å vera forelska er jo ein slags ruslignende tilstand. Hjernen skil ut signalstoff, kjemiske stoff, som påverkar andre nerveceller i hjernen vår men også i kroppen vår.

Kva skjer i hjernen når me opplever at den me er forelska i – ikkje er forelska tilbake?

– Det er mykje som skal klaffa for at ein blir forelska i nokon, men det er endå meir som skal klaffa for at personen ein er forelska i òg blir forelska i deg – samtidig.

Det skjer dessverre ofte at personen ein er forelska i ikkje er forelska tilbake

Då vil ein oppleva det nesten som å mista nokon – og me kallar det kjærleikssorg.

I hjernen vil område som er knytt til sorg, nedstemthet, skuffelse og angst bli aktivert. Nokon opplever òg kjærleikssorg nesten som fysisk smerte – det gjer vondt. Heldigvis går dette alltid over.

Viss forelskelsen går over – kva skjer då?

– Det er ikkje berekraftig for kroppen vår å gå rundt å vera forelska heile tida, så forelskelsen går alltid over, enten ein blir saman med personen ein er forelska i eller ikkje.

Dersom forelskelsen ikkje blir gjengjeldt går den fortare over. Dersom ein blir saman med personen ein er forelska i, vil forelskinga vara lengre, månader eller kanskje år. Forelskinga vil då enten gå helt over eller han går kanskje over i det me kallar kjærleik. Då er det andre signalstoff som verkar på hjernen.