Nær 3000 fleire barn fødd i Noreg i 2021 enn i 2020
Då Noreg stengde i mars 2020 var det mange par som bestemte seg for å få barn. Omlag ni månader etter nedstenginga, svinga nemleg tala på fødslar opp mange plassar i landet.
Førebelse tal frå Folkehelseinstituttet viser at det vart fødd 56.551 barn i Noreg i 2021. Det er 2.925 fleire enn året før.
Auka er overraskande, ifølgje demograf Astrid Syse i Statistisk sentralbyrå.
– I økonomisk usikre tider og i krisetider er det heller slik at folk ofte utset å få barn, seier ho til NTB.
GIF: Giphy
SSB hadde venta at trenden med nedovergåande fødselstal ville snu først i 2023–2024. Fødselstalet i 2020 var det lågaste som nokon gong er registrert i Noreg, noko .
Folk i Sogn og Fjordane går av med sigeren som dei som har flest fødslar i koronaåret. Finnmark har lågast utvikling i fødselstala.
Mange filmar er basert på bøker. Men er boka eller filmen best? Olive, Salomon og Åshild deler sine tankar om bøker som har vorte filmar og kva dei meiner må til for at filmen skal bli like bra som boka.