Lina forskar på framtida

Framtida Junior har snakka med fleire forskarar som fortel oss om arbeidskvardagen sin. I dag blir me betre kjend med forskinga til Lina Ingeborgrud.

0
SKRIVING: – Jobben min handlar mykje om å skriva. Eg tek notat frå intervju og workshops, og skriv rapportar og vitskaplege artiklar. Tastaturet er det viktigaste verktøyet mitt, seier Lina Ingeborgrud. Foto: Privat

Kva forskar du på?

– Eg forskar på korleis me kan endra samfunnet vårt i ei meir miljøvennleg retning. Til dømes korleis me kan gjera byane våre meir miljøvennlege, med færre som køyrer bil og fleire som syklar.

– Korleis kan dei som jobbar med å gjera samfunnet miljøvennleg læra meir, og korleis kan dei samarbeida med kvarandre? Dette er spørsmål eg er opptatt av.

Kvifor er dette verdt å forska på?

– Måten me organiserer samfunnet vårt på treng ikkje å vera akkurat sånn, og på fleire område burde det nok vore annleis – berre tenk på miljø- og klimakrisa me står i. For å endra samfunnet er det viktig å kunna tenka på nye måtar om framtida. Det er mange som tenkjer at framtida handlar mest om ny teknologi, som for eksempel at bilane flyg. Men me må læra å sjå for oss heilt nye ting – kanskje me ikkje skal ha bilar i det heile?

– Det er viktig å samla ulike typar menneske, som politikarar, leiarar, barn og unge, og snakka om kva for ei framtider dei ønskjer seg.

Kva er det beste tipset ditt for å bli forskar?

– Å vera forskar er ein kreativ jobb. Eit godt tips er å lesa mykje, og å lesa forskjellige ting! Les bøker og få kunnskap om korleis folk lever og tenkjer, les avisa og få kunnskap om kva som skjer i samfunnet. Du kan også sjå på nyheiter på TV, som til dømes Supernytt, og følgja med på nettsida til Ung forsking. Og ikkje minst – still spørsmål ved det du les og høyrer.

Tips til barn som vil forska heima:

Her er ein metode for å trena opp både din eigen og familien din sine evner til å forska på framtida:

  1. Førebuing: Finn fram eit stort ark, ein bunke med post-it og ein penn til kvar.
  2. Oppgåve: Mi draumeframtid i år 2060: Alle som er med skriv ned avisoverskrifter frå framtida, til dømes i år 2060, på post-it. Skriv ned éi overskrift på kvar lapp. Overskriftene skal seia noko om korleis de håper framtida blir. Det kan handla om kva som helst.
  3. Diskusjon: Fest post-it-ane på det store arket og snakk om det som står på lappane. Kva slags samfunn er dette og korleis kom me oss hit? Korleis lever menneska her og kva må dei læra seg?

Lukke til!

Forskarspalta er laga i samarbeid med Akademiet for yngre forskere og Alexander N. Sandtorv.