Irja forskar på korleis dyr og planter tilpassar seg

Framtida Junior har snakka med fleire forskarar som fortel oss om arbeidskvardagen sin. I dag blir me betre kjend med forskinga til Irja Ratikainen.

Fakta

NAMN: Irja Ratikainen

FORSKAR PÅ: Adferdsbiologi

JOBB: NTNU (Realfagbygget, Gløshaugen, Trondheim)

LES FAKTALUKK FAKTA

–Kva forskar du på?

– Eg forskar på korleis ulike organismar (dyr og plantar) greier å leva på stader der tilhøva endrar seg ofte. Eg prøver å svara på korleis dei kan laga strategiar for å klara seg best mogleg når til dømes temperaturen forandrar seg, både på ein føreseieleg måte (som dag og natt/sommar og vinter) og på uføreseielege måtar (når det til dømes blir dårleg vêr).

Irja Ratikainen er forskar og førsteamanuensis II ved NTNU i Trondheim. Foto: Privat

– Kvifor er dette verdt å forska på?

– For at me skal greia å forstå kva som skjer med det biologiske mangfaldet når klimaet endrar seg, og gjette på kva som vil skje med ulike typar organismar i framtida, er dette kjempeviktig forsking.

– Kva er ditt beste tips for å bli forskar?

– Om du vil bli forskar må du læra deg å vera tolmodig og jobba lenge med eit problem. Ikkje gi opp sjølv om det er skikkeleg vanskeleg, prøv heller å diskutera oppgåva eller problemet med andre. Då kan det henda at du kan komma opp med ein ny måte å løysa problemet på!

Tips til barn som vil forska heima:

Det kan vera lurt å spørja ein vaksen om lov før du går i gang med eitt forskarprosjekt:

– Om du vil forska heima, kan du til dømes sjå kor mange artar du kan finna på tre ulike stader. Du kan gå ut i hagen eller til ein park (om våren eller sommaren), og leita etter småkryp innanfor eit lite område. Tel så kor mange ulike artar du finner. Deretter kan du prøva å svara på om det er skilnader. Om det er det, kvifor er det slik?

Lukke til!

Forskarspalta er laga i samarbeid med Akademiet for yngre forskere og Alexander N. Sandtorv.