Får endeleg ta koronavaksinen: – Veldig takksam

I starten av september bestemte regjeringa at alle 12–15-åringar i Noreg skulle få tilbod om koronavaksinen. Framtida Junior har møtt ein jentegjeng, som både skal og ikkje skal ta vaksinen.

Ferdig vaksinert: Her er fjorårets elevrådsleiar på Uranienborg Skole, Vilde frå klasse 10 A, ferdig vaksinert i gymsalen på skulen. Foto: Randi Elisabeth Tallaksen

– Det er utruleg viktig at dette skjer no. Det er ekstremt mykje smitte i vår aldersgruppe, seier Heley Sahak Rahmatullah (14).

Venninnene Maria Vaagland (15), Margit Øversjøen Brekke (14) og Aurora Haltbrekken Burkeland (14) nikkar enig.

– Me har venta så lenge på denne vaksinen, slik at me kan gå vidare til ein normal kvardag, seier Aurora.

Framtida Junior har tatt turen for å snakka litt om koronavaksinen med dei fire jentene ved Unranienborg skole i Oslo. Akkurat den dagen me er på besøk, skal elevane mellom 12–15 år få vaksinen på skulen.

Les også: 12–15-åringar får tilbod om koronavaksine

Ikkje redd for vaksinen

Spennande: Fjorårets nestleiar i elevrådet på skulen, Embla i 10 A, sit klar til å få vaksine. Foto: Randi Elisabeth Tallaksen

Jentene fortel at det er godt at deira aldersgruppe også fekk tilbod om vaksinen til slutt.

– Eg er veldig takksam for at me får ta vaksinen. Eg er ikkje redd for den, seier Margit.

– Eg tenker det samme som Margit, for me har jo tatt vaksine før. Samstundes skal me respektera dei som ikkje vil ta den, seier Maria og legg til at ho fekk bestemma sjølv om ho ville ta vaksinen eller ikkje.

Ekkelt å testa positivt

I motsetnad til Margit og Maria, treng ikkje Aurora og Heley å ta vaksinen. Dei har nemleg vore smitta av koronaviruset.

– Eg har hatt korona, men eg vil fortsatt ta vaksinen, seier Heley og fortel at det var veldig ekkelt å testa positivt.

Både ho, Aurora og resten av handballaget vart smitta då dei var på handballcup.

– Eg fekk veldig mange tankar om kva som kom til å skje med meg då eg vart smitta. Eg tenkte mykje på kor lenge eg ville bli sengeliggjande.

Ho beskriv sjukdommen som ein ordentleg influensa, der ho fekk feber og var dårleg. Slik var det for Aurora også, men heldigvis gjekk det fort over. Det som var verre, var å vera isolert i ti dagar.

– Eg måtte ha munnbind og bruka antibac viss eg skulle ut av rommet mitt. Det var mykje greier, seier ho og humrar, før ho legger til:

– Men no er me i alle fall ferdige med viruset.